|
|
Dale kyrkje
Møtet med den veldige klebersteinsportalen i den gamle steinkykja gjer oss nesten mållause. Nidarosdomen har slike portalar, i større format sjølvsagt, og det er ikkje så rart. Men ei landsens kyrkje - ei slik openberring?
Dette "underverket" i Luster let seg faktisk forklare ganske enkelt, i alle fall når det gjeld tilgangen til kleberstein, for det finst mykje slik stein i området. Steinen til vestportalen i Dale kyrkje er truleg henta frå Kleberseggi, nordaust for stølen Dale på Indre Hafslo. Steinen har blitt transportert ned bakkane til Fet, køyrt til Marifjøra og frakta vidare på fjorden inn til Luster.
Svært særmerkt er også kalkmåleria frå både mellomalderen og 1500-talet. Desse har vore overmåla med kvit kalk, og er berre delvis avdekka i dag. Frå biskop Arne si vigsling av kyrkja midt på 1200-talet er det avdekka to vigslingskors i koret, kors i ein sirkel: Etter samtidas skikk skulle det vere 12 slike korsar. På kvar side av vindauget i austveggen i koret finst mellomaldermåling, truleg frå 1300-talet, men som er vanskeleg å tyde. Bileta frå mellomalderen vart overkalka, kanskje som ein reaksjon mot det romerskkatolske innhaldet, og nye bilete måla rundt 1560. Desse bileta vart avdekka i 1950.
Krusifikset som heng over koropninga på austveggen i skipet, er frå 1200-1250. Uttrykksmåten kan tolkast som eit døme på overgang mellom triumfkrusifiks til meir vekt på den lidande Kristus.
Døypefont i kleberstein frå middelalderen. Dåpsfat i messing frå 1600-talet
Preikestol i renessansestil frå 1633
2 lysestakar i messing på alteret, ein frå 1633 og ein frå 1720.
3 epitafium: Over Andreas Lauritzøn frå 1630, over Søffrens Lauritzøn frå 1654 og over Stevelin Reutz frå 1682.
Altertavla frå 1708 er ei av dei fremste tavlene frå klassisk barokk, nærare bestemt regence-stil.
Type kyrkje: Langkyrkje i stein
Vigsling: Kring 1240 av biskop Arne
Stitjeplassar: 200
Fet kyrkje
Ikkje prangande, men enkel og varm.
Slik skildrar ein tidlegare prest i soknet korleis han opplevde kyrkja på Fet. Med få ord seier han noko om kyrkjebygget, og samstundes noko om atmosfæren han opplevde inne i gudshuset.
Frå den vesle haugen der Fet kyrkje står er det ikkje lange vegen bort til nabokyrkja på Joranger. Mange har opp gjennom tidene undra seg over at her i mellomalderen vart reist to kyrkjer så tett. Om dette har forfattaren av den gamle bygdeboka for Hafslo, Jon Laberg, skrive følgjande: Naar Fet har si kyrkja og Jørongo har si, endaa så nær desse gardane ligg kvarandre, lyt me tru at det var dei adelege eigarane av desse gardane, som ikkje har kunna vorte einige um sams kyrkja, men bygt kvar for seg.
Alt i Bjørgvin Kalvskin (om lag 1330) står det om Fet kyrkje, truleg ei stavkyrkje. I 1686 er Fet kyrkje skildra som ein tømmerbygning, så den Fet kyrkje som står her i dag er tredje kyrkja på same staden.
Berre to kyrkjeklokker er att frå middelalderen, frå 1200-talet.
Altertavla er frå 1600-talet, katekismetavle i rennesansestil, med innskrift 1652.
Preikestol og døypefont er truleg frå 1894, då kyrkja vart bygd.
Orgelet er frå 1992, 15 stemmer, bygd av G.F. Husteds Orgelbyggeri i Danmark.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 12. november 1894 av biskop Fredrik W. Hvoslef
Arkitekt: Ukjend
Byggmeister: John Alver
Sitjeplassar: 220
Fortun kyrkje
Glasmåleriet i vindauget bak altaret fangar blikket i det vi går inn i Fortun kyrkje. Eit bilete av Kristus, staseleg kledd i blå fotsid kjortel og raud kappe. Venstrehanda kviler mot brystet. Med den høgre gjer han korsteiknet. Ego sum via, veritas et vita, står det skrive under bilete, og tyder: Eg er vegen, sanninga og livet.
Den gamle altartavla ville ikkje vere med på flyttelasset då den gamle stavkyrkja vart riven i 1883 og flytta til Fantoft i Bergen. Tavla frå 1630 hadde først katekismetekstar, men fekk i 1692 måla bilete av Aron og Kristus, i toppfeltet Kristus på korset.
To kyrkjeklokker frå 1200-talet.
Preikestolen er frå 1879, då kyrkja vart bygd.
Døypefonten er og frå då, laga av Torkjel Asheim. Dåpsfat og dåpsmugge er i sølv, udatert.
Lysekruner er det to av, ei frå 1950 og ei frå 1997.
Orgelet er frå 1991, 19 stemmer, bygd av G.F. Husteds Orgelbyggeri i Danmark.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 1879
Arkitekt: E. Rusten
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 230
Tidlegare kyrkje - Fortun stavkyrkje 1100-talet - 1883
Eit steinkast unna Fortun kyrkje, på oppsida av vegen, stod Fortun stavkyrkje. Ho er nemnd første gong i 1323, men dei gamle kyrkjeklokkene som følgde over i dagens kyrkje, skriv seg tilbake til 1200-talet. Det er naturleg å tenkje at der var kyrkje i Fortun så tidleg, ja, kanskje alt på 1100-talet. Pilegrimane på veg over fjellet til Nidaros skulle etter skikken innom ei kyrkje og få velsigning før dei tok fatt på turen. Stavkyrkja låg midt i ferdsleåra, og dermed er det nærliggjande å tru at stavkyrkja tidleg hadde funksjonen som ei lovekyrkje.
Fortun stavkyrkje hadde eit høgt midtrom bore oppe av 18 stavar, og låge sideskip. Først i 1651 fekk ho tårn, og i 1666 vart det gamle koret erstatta av eit tømra kor i same breidd som skipet. Kyrkja hadde svalgang på vestsida, og eit kraftig tårn bygt eit stykke inn på taket. Stavkyrkja vart flytta til Fantoft i 1882. Etter at stavkyrkja var riven, kom grunnmuren frå det eldste koret til synet. Muren viste spor av eit mindre kor med apsis. Det opphavlege midtrommet og sideskipa vart ikkje endra. Utvendig hadde stavkyrkja liggjande panel. Taket var dekt med stein.
Gaupne gamle kyrkje
Gaupne gamle kyrkje ligg i kommunesenteret Gaupne. Kyrkja vert rekna å vera bygd i 1647, men vestportalen er frå ei eldre stavkyrkje. Interiøret i kyrkja er prega av renessansestil og veggmåleria, av mellom anna apostlane. Dei har utfalda seg med stor målarglede, Niels Målar og dei andre handverkarane som dekorerte tømmerveggene og inventaret i den gamle kyrkja i 1659. Fleire av apostlane er framstilte i heilfigur, slik som Simon Peter. Det er eit syn med sus av historie som vanskeleg let seg skildre, det må opplevast! Det utvendige, enkle preget står i sterk kontrast til det fargestrålande interiøret.
Koret er eit særsyn med stjernehimmel i taket og gamal dekor på veggene.
Altartavla, Katekismetavle frå 1589 er den første i sitt slag - "med herlige Sentenzer af Den Hellige Skrift" - og det eldste dømet på kongens segl på ei norsk altertavle.
Preikestolen er frå 1626.
Korskiljet frå 1647-59 i bruskbarokk stil, er måla som kyrkja elles.
Dei eldste av benkane er og frå 1600-talet.
I 1909, tre år etter Gaupne fekk ny kyrkje, vart tømmerkyrkja gjeven til Fortidsminneforeninga.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1647-52
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 130
Gaupne kyrkje
Nyekyrkja i Gaupne har det typisk høgreiste og lyse preget som dei mange nyare kyrkjene våre har, og er ein stor kontrast til gamlekyrkja nokre hundre meter lenger aust i bygda. Ei tid var det strid om den gamle skulle utvidast eller erstattast. I dag er lustringane glade for at dei har begge to.
Altartavla er laga i 1907 av Hans Ødegård. Biletet framstiller Jesus på korset og heiter: Det er fuldbragt, slik det står under biletet (Joh 19,30).
2 altarlysestakar, udatert, men truleg frå gamlekyrkja, trearma i messing.
Dei 2 kyrkjeklokkene er og frå gamlekyrkja, ei frå 1600-talet og ei frå 1828.
Preikestolen og døypefonten er og frå 1907, då kyrkja vart bygd.
Orgel frå 1977, 14 stemmer, Jørgensen.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 29. august 1907
Arkitekt: H. J. Sparre
Byggmeistar: A. Korsvold
Sitjeplassar: 230
Hafslo kyrkje
I 1878 vart den gamle kyrkja revi og ei ny sett upp i staden. Um den nye kyrkja er der ikkje meir aa segja enn um dei flestekyrkjor som er bygde i seinare tid.
Slik omtalar overlærar Jon Laberg Hafslo kyrkje i bygdeboka frå 1926.
Den gamle kyrkja var ei stavkyrkje, frå 1100-talet. Alt i 1780-åra vart det sagt at ho stod til nedfalls.
Hafslo kyrkje ligg vakkert til like ved Hafslovatnet. Tårnet er ein ekstra fin detalj på kyrkja. Fargane i kyrkjerommet har vorte endra ein god del sidan ho var ny.
I staden for måla altartavle, har kyrkja glasmåleri frå 1878, i austveggen av Jesus som den gode hyrdingen.
På altaret står eit krusifiks frå 1780, tre, laga av Hans Hansson Hess.
2 Altarlysestakar i messing frå 17-1800-talet.
Preikestol og døypefont frå 1878, då kyrkja vart bygd.
2 biletteppe frå 1975, kopi av to av dei 6 bileta frå Maria-teppet frå tidleg 1600-tal, som no er på Bergen museum.
Biletvev frå 1981 laga av Svanaug Katla Dvergedal. Motiv: Jesus i bøn i Getsemane.
Kyrkjeklokker, ei frå 1844 og ei frå 1878.
Orgel frå 1987, 21 stemmer, Husted, Danmark.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 4. desember 1878
Arkitekt: J. Faye
Byggmeister: Carl Askeland
Sitjeplassar: 300
Joranger kyrkje
Sjølv om Joranger kyrkje ikkje er stor, har ho på avstand noko høgreist og majestetisk over seg, der ho ligg på eit høgdedrag med utsyn mot Lustrafjorden. Her har det lege kyrkje kanskje så langt tilbake som tusen år. Kor lenge veit vi ikkje, like lite som vi veit den faktiske alderen på kyrkja som står på staden i dag.
Det som kan seiast som sikkert er at Joranger kyrkje er ei av tre kyrkjer frå 1600-talet som finst igjen i Luster frå den tida då gjenoppbygginga etter Svartedauden var i full gang. (Dei andre er Jostedal kyrkje og Gaupne gamle kyrkje).
Når byggjeåret er usikkert, skuldast det ulike opplysningar som kjem fram m.a. på interiøret i kyrkja. Bjelkane i kortaket viser at kyrkja vart dekorert i 1643 og 1652. Altartavla er endå eldre, ho er måla i 1639. Utfrå desse opplysningane er det meir nærliggjande å tru at kyrkja er frå tidleg på 1600-talet, enn frå året som offisielt har vore nytta, 1660.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: Truleg 1620-talet
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 85
Jostedal kyrkje
På Høgøymsgard stend ei kyrkja so kvit.
Tre hundrade år har ho trassa si tid.
Og skipet det same, men koret er tilbygt,
og tårnet er flytta og svoli er tilknytt.
Hans Ottesen Ravn var ein gudeleg mann,
han bygde opp kyrkja og sette ho i stand.
Han Knut utpå Garden han hjelpte med vyrkje,
difor fekk han velja seg stol uti kyrkje.
Slik byrjar visa om kyrkja, skriven av Kristen Ormbergstøl ein gong tidleg på 1900-talet.
På 1600-talet vart kyrkjene rikt dekorerte på vegger og tak, slik også i Jostedal kyrkje. Altatavla, katekismetavla, frå 1609, var først gitt til Kaupanger kyrkje, men den omstridde og mektige gjevaren Giode Pedersen ombestemte seg og gav henne vidare til Jostedal kyrkje i 1634.
2 altarlysestakar i messing frå 1636.
Preikestol frå 1626.
Prestekonestol frå 1660-åra, med to utskorne benkevangar og dør.
Veggdekorasjonar frå 1716 eller seinare. Heile kyrkjerommet er dekorert av Moses Målar.
Lysekrune, udatert for 18 stearinlys.
Døypefont frå 1907, laga av Sjur Bakken.
Kyrkjeklokke frå 1858.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1660
Byggmeister: Hans Ottesen Rafn
Sitjeplassar: 120
Nes kyrkje
Nes kyrkje ligg vakkert til ved Lustrafjorden, med den 218 m høge Feigumfossen rett over fjorden. Slik ho ser ut i dag er ho frå 1909, men ho er bygd i 1836.
Medhjelparstolen og preikestolen (ca 1630) er frå den tidlegare stavkyrkja på staden.
3 kyrkjeklokker, ei frå 1100-talet og 2 frå 1200-talet.
Altartavla er frå 1909, måla av Isak Refsnes, syner Jesus i Getsemane.
Altarlysestakar, udaterte i messing.
Bibel frå 1787.
Orgel frå 1937, 6 stemmer, Nilsen/Jørgensen, med delar frå 1879, og såleis av landets eldste småkyrkjeorgel. Delvis restaurert i 1997.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 1836 ved prost Magelsen
Arkitekt: H. D. F. Lindstow
Byggmeister: Lensmann Bugge, Ornes
Solvorn kyrkje
Solvorn kyrkje er plassert slik at du kan sjå henne nesten same kvar du er i bygda. Det mest iaugefallande særpreget på kyrkja er dei skrånande ytterveggene på tårnet, der nedste delen er våpenhuset. Arkitekten har nok late seg inspirere av stavkyrkjestilen og det frittståande klokketårnet, stopulen, ved Borgund stavkyrkje.
Kyrkja er den største av dei 12 kyrkjene i Luster. Her er høgt under taket, bokstaveleg tala. Fem store vindauge på kvar side i skipet gjev rikeleg med lys i det flotte kyrkjerommet. Kyrkja har enkelt trekors frå 1883 som altarutsmykking.
Preikestol og døypefont frå 1883, då kyrkja vart bygd. Dåpsfatet er frå 1644 i messing, gjeve av Mette Sørensdotter og Bent Nagel i Kroken.
4 altarlysestakar i messing, 2 frå 1600-talet og 2 litt seinare.
Måleri frå 1916, måla av Helene Gundersen, Brandbu. Dette var ei tid altarbilete, og var festa utanpå altartavla, men vart til 100-årsjubileumet i 1983 flytta til nordsida i koret.
2 kyrkjeklokker, ei frå 1200-talet og ei frå 1700-talet.
Orgel frå 1898, 6 stemmer, frå Tyskland. Utvida med to stemmer til ved restaurering ved Husted, Danmark i 2001.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: Juni 1883
Arkitekt: Waldemar Hansteen
Byggmeister: Dr. Wulfsberg
Sitjeplassar: 300
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje er den viktigaste kulturhistoriske attraksjonen i kommunen. Den blei bygd omlag 1130 og er Noregs eldste stavkyrkje. Materialar frå ei endå eldre stavkyrkje blei brukt under bygginga. Dette gjeld alle utvendige utskjæringar, dvs nordportalen, to veggplankar, ein hjørnestav og gavlane i aust og vest, samt dei fleste veggplankane og to grunnstokkar. Denne stavkyrkja vert no rekna frå om lag 1070.
Inne er kyrkja prega av den varme fargetonen i det århundrar gamle furutrevirke. Kapitela er utskorne på dei synlege sidene og det er utskorne tunger over kapitela, oppover stavane. Av inventaret stammar bispestolen i koret, Kalvariegruppa over koropninga, loket frå døypefonten og lysekrona i midtgangen, frå middelalderen.
1600-talet har etterlete sine tydlege spor; benkane, dei lukka kyrkjestolane og veggmåleria i koret frå 1601. Altertavla er frå 1699 og preikestolen frå 1695.
I katolsk tid var det Maria-alter på nordsida i skipet, mot koret, og Heilag Olav-alter på sørsida. To av stavane i nord-aust vart kutta for å få plass til Maria-alteret med baldakin, på slutten av 1100-talet. Etter Maria-alteret vart teke vekk, har det vore naudsynt med avstiving. Maria-statuen og Heilag Olav-statuen er i dag på Bergen museum.
Urnes stavkyrkje er mellom dei viktigaste kulturminne i Noreg og er ført opp på UNESCO si liste over særleg verneverdige kulturminnesmerke i 1979, saman med Bryggen i Bergen og Bergstaden i Røros ("World Heritage List"). Der er kyrkja i det aller beste selskap - saman med pyramidane i Egypt og slottet i Versailles.
Stavkyrkja har sidan 1880 vore eigd av Fortidsminneforeninga. Ho er open for turistar heile sommaren, men vi har nokre gudstenester og vigslar om sommaren.
Urnes kan ein nå på vegen langs sørsida av fjorden (frå Skjolden) og med ferje frå Solvorn.
Type kyrkje: Stavkyrkje
Byggeår: ca 1130
Sitjeplassar ca 100
Veitastrond kapell
Først kom kyrkjeklokka og tårnet. Det skjedde i 1891, og frå den tid kalla kyrkjeklokka folket i bygda saman til gravferder. Ein og annan gong kalla ho også folket saman til gudstenester - i skulehuset. Så, godt inne i eit nytt hundreår, i 1928 vart bedehuset bygd. I 1935, fekk veitastrendingane si eiga kyrkje. Då vart bedehuset vigsla til kapell.
Tårnet kom i 1947, då vart kyrkjeklokka frå ca 1890, plassert der.
Altartavle, måleri truleg frå 1928, i utskoren treramme, Jesus i Getsemane .
Preikestol og døypefont frå 1935.
Orgel frå 1997. 4 stemmer, Gerrit C. Klop, Nederland.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1928
Vigsling: 1935
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 120
|
|
|
|
|
Ny adresse
|
|
Kyrkjekontoret har fått ny adresse:
Luster kyrkjelege fellesråd
Pyramiden
6868 Gaupne
|
|
|
|
|
 |
|
KYRKJEKONSERTAR
|
|
20. mai Fortun kyrkje kl. 19.00
27. mai Fet kyrkje kl. 21.00
06. juni Joranger kyrkje kl. 20.00
|
|
Nytt frå Bjørgvin
|
|
Det nye bispedømerådet 2012 - 2015
Det samla resultatet for bispedømerådsvalet i Bjørgvin er klart. Sokneråda, prestane og dei leke kyrkjeleg tilsette har no valt til saman seks nye medlemer til bispedømerådet.Desse supplerer dei tre leke medlemene som vart valde gjennom direkte val i september.
Les meir på:
www.kirken.no/bjorgvin/nyhet.cfm
|
|
|
 |
|
|
|
|
|
|
 |
Kyrkjekontoret
Pyramiden
6868 GAUPNE
Tlf. 57685647
Fax. 57685646
|
|
 |
|
|
|
|