Gravferd- avskil med livet


 

Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.

Alt har si tid- også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møte med døden. Likevel mange ha ynskje om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare- eller å avslutte ei historie.

Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med båreandakta og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gje sørgjetida ein god start. Gravferda kan gje sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord,kranspålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gjev dei som er med, høve til å markera gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.

Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for deler av førebuingane ein ynskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjeleg tilsette, både prest og diakon, vera gode samtalepartnarar.

Ta kontakt med kyrkjekontoret ( evt kan gravferdsbyrået gjera det for deg)
kyrkjeverja 57 68 56 47- for avtale om tid og stad for gravferda, og om val av grav.

Presten for samtale
Sokneprest Geir Paulsen 57 68 56 40/901 08 179 (Fortun,Dale, Nes, Gaupne,Jostedal)
Sokneprest Vidar Nes Mygland 57 68 56 41/958 65 399 (Fet & Joranger, Hafslo,Solvorn)

Støtte på grava, kan avtalast med kyrkjetenar som formidlar kontakt med leverandørar. Det same gjer gravferdsbyrået.

Det er elles familien som har ansvar for vidare stell av graver. Festeavgifta er ei form for "leige" av gravplass. Dei første 20 åra er gratis, deretter vil den ansvarlege for grava ("festar") bli kravd for avgift.

Kyrkja i Luster vil gjerne vera til hjelp i samband med sjølve gravferda, men også i sorgarbeidet i etterkant. Ikkje minst diakonen har dette som si oppgåve,
Grethe Snekkevik Bondevik 57 68 56 50/ 926 34 028