Luster Kyrkjelege Fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Bispevisitas i Luster 25.-27. august og 31. august


Måndag til onsdag i veke 35 besøker biskop Ragnhild Jepsen dei 7 sokna i Luster, for å gjere seg kjend med lokalsamfunnet, kyrkja si verksemd der, og for å inspirere og oppmuntre.

Bilete viser biskop Ragnhild Jepsen med bispekåpe

Under visitasen er det eit omfattande program, der ei rekke av samkomene er opne for alle som vil møte biskopen og høyre henne:

    Alle er velkomne til desse samlingane:

  • Måndag 25.8 kl 11: Morgonbøn, Dale kyrkje.
  • Måndag 25.8 kl 19: «Salmar, kaffi og kvelds», Solvorn kyrkje. Program ved lokale utøvarar, andakt v/ biskopen.Samkome og servering på Solvorn skule etterpå.
  • Onsdag 27.8 kl 11: Nattverdsgudsteneste, Hafslo kyrkje.
  • Søndag 31.8 kl 11: Visitasgudsteneste v/ biskop Ragnhild Jepsen m. fl., i Gaupne kyrkje. Kyrkjekaffi på Gaupne bedehus.

         

I samband med visitasen er det utarbeidd ei melding som er sendt inn til Bjørgvin biskop. Denne kan du lese i lenkja under.

Visitasmelding 2025

 

Tilbake