Det er dåp. Namna til to små born vert nemd for fyrste gong i kyrkjerommet. Presten gjer korsteikn og auser vatn over hovudet til dei som vert døypte. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadane, men det er inga aldersgrense for dåp. Dei døypte vert automatisk medlemar i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte- den universelle kyrkja. Dåpen har tradisjonar heilt tilbake til urkyrkja. I Noreg står tradisjonen framleis sterkt.
Klikk på denne lenkja dersom de vil melde inn dåp: Førespurnad om dåp
Sjå gjerne på gudstenestelista i kalendaren vår (på framsida) som viser når det er gudstenester i dei ulike kyrkjene: Kalendar for kyrkja i Luster
Når det nærmar seg dåpssøndagen, vil det bli ein samtale med den presten som skal ha dåpsgudstenesta. Dåpssamtalen kan skje på kyrkjekontoret eller heime hjå dykk. I denne samtalen, vil me ta opp både det praktiske i samband med dåpshandlinga og det som går på innhald og framhald (trusopplæring).
Dåp er eit personleg val føresette gjer for barnet. Samstundes er det ei kyrkjelydssak: dåpen gjev medlemsskap i kyrkja og leier barnet inn i det kristne fellesskapet lokalt og globalt. Difor gler kyrkjelyden seg over kvar einaste dåp og vil gjerne ta imot den nye på beste måten.
Velkomen til dåp!